1. Om Jostedal Lodge

Eigar av denne nettsida er:

Jostedal Lodge
Nedreli 96, 6871 Jostedal
E-post: ellenmaky@gmail.com
Org.nr: 926 199 560

2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar

I samband med bestillingar og kontakt må vi innhente opplysningar som namn, adresse, telefonnummer, e-post og annan nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere bestillinga di og eventuelt opphald hjå oss. Vi tek vare på opplysningane så lenge det er nødvendig for å oppfylle formålet. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold slettar vi opplysningane dine med mindre anna er nødvendig for lovpålagte føremål.

3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart

Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

4. Kunderegister

Vårt kunderegister inneheld opplysningar om gjester og kontaktpersonar, som namn, adresse, e-post og kva type opphald eller tenester som er bestilt. Dette blir lagra så lenge det er nødvendig for drift og service. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra, eller å bli sletta frå vårt register, kan du ta kontakt (sjå kontaktinformasjon under).

5. Informasjonskapslar (cookies)

Jostedal Lodge bruker informasjonskapslar på nettsidene. Cookies er standard Internett-teknologi som dei fleste nettstader nyttar. Vi bruker dette for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikken, for å tilby deg ei betre oppleving neste gong du vitjar sida, og for å levere tilpassa innhald og annonsar. Du kan når som helst endre innstillingar for cookies via cookiebanneret. Vel du å avvise cookies, kan det hende at nettsida ikkje fungerer optimalt.

6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida

Eigar: Google Analytics, Squarespace Analytics
Føremål: Samlar informasjon om korleis besøkande bruker nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei viser mellom anna talet på besøkande, kvar dei kjem frå, og kva sider som blir besøkte.

Eigar: Meta, LinkedIn
Føremål: Samlar informasjon om besøkande for å tilpasse marknadsføring på Facebook, Instagram og LinkedIn.

7. E-post-kommunikasjon

E-postar sendt til ellenmaky@gmail.com blir lagra så lenge det er nødvendig for oppfølging av førespurnader og bestillingar. Informasjonen vert ikkje delt med tredjepartar.

8. Deling

Det er mogleg å dele artiklar og sider frå nettsida i sosiale medium (t.d. Facebook og Instagram). Vidare handtering av data som blir delt der, vert regulert av avtalen du har med det aktuelle nettsamfunnet.

9. Innsyn, retting og sletting

Etter personopplysningslova § 18 har du rett til innsyn i opplysningar som er registrert om deg. Ta kontakt med Jostedal Lodge via e-post: ellenmaky@gmail.com dersom du ønskjer innsyn, retting eller sletting i samsvar med § 27 i lova.

10. Ansvarleg databehandlar

Eigar og ansvarleg for behandling av personopplysningar:
Ellen Kynningsrud, Jostedal Lodge
E-post: ellenmaky@gmail.com

Ho er ansvarleg for at personopplysningar blir behandla i samsvar med gjeldande lovverk, og at eventuelle avvik vert retta. Vi etterstrebar alltid å følgje gjeldande regelverk for personvern.