Vertskapet ved lodgen - ein aktiv storfamilie

Bak Jostedal Lodge finn du jordmor Ellen, storfebonde John Geir og fire aktive born. I 2019 starta dei ei omfattande renovering for å ruste det gamle gardshuset på Nedreli for nye gjester og generasjonar.

Den aktive storfamilien trives godt med fleire prosjekt og aktivitetar. John Geir er sjølv oppvaksen på nabogarden, der han tok over gardsdrifta som 20-åring. Han har utvikla garden frå åtte mjølkekyr i bås til moderne mjølkeproduksjon med lausdrift og mjølkerobot. I sin nye fjøs husar dei 120 norsk rødt fe og angus til kjøt- og mjølkeproduksjon. Med si eiga gardssag tek dei ut tømmer for sal og til eige bruk. Dei sel også lokalt kjøt frå eige bruk.

Familien finn mykje glede og samhald i den daglege drifta av garden, sport og friluftsliv. Finn du dei ikkje i fjøsen eller på lodgen, er sjansen stor for at turen har gått til fjells, på ski eller anna reise.

Med ønskje om å bevare og utvikle

I tillegg til bonde er John Geir siviløkonom med bachelor innan fornybar energi. Han er genuint oppteken av å søkje utvikling gjennom ny kunnskap og teknologi, samstundes som historiske verdiar får leve vidare.

“For meg er det viktig å stelle kulturlandskapet, setje i stand husa og nytte ressursane me har tilgjengeleg. Som bygningar, skog og beiter. Med Jostedal Lodge inviterer me deg som gjest inn i moderne fasiliteter i naturnære omgjevnader”

Om plassen Nedreli

Gardstunet Nedreli ligg i høgt i terrenget, med flott utsikt over elva Jostedøla som strøymer gjennom den frodige dalen. I 1596 var garden ein av dei største i Jostedalen, med mjølkeproduksjon og rikt stølsliv. Nedreli har tilhøyrd familien til John Geir i generasjonar og det er funne teikn til drift heilt attende til 800-talet. I dag beiter vertskapet sin Angusfe i området, året rundt.

Nedreli er omkransa av furuskog og på eigedomen finn du eit av dei største furutrea i landet Tullifura. På det solrike tunet kjem våren tidleg og du kjem heilt fram med bil.

Foto: Jostedal Historielag