Velkommen til Jostedal Lodge

Planlegg du ei utflukt med storfamilien eller venegjengen? Skal firmaet samlast til teambuilding eller møteverksemd? Bu landleg og uforstyrra hos Jostedal Lodge - i umiddelbar nærleik til naturopplevingar du seint vil gløyme.

Som gjest hos Jostedal Lodge har du heile huset til eigen disposisjon. Med topp moderne bad og kjøken ligg alt til rette for eit komfortabelt opphald.

Me tek imot små og store grupper gjennom heile året, og gjer vårt beste for å tilrettelegge etter dine ønskjer og behov.

Jakt, friluftsliv og selskapslokale

Jostedalen er ein populær destinasjon for friluftsentusiaster, sommar som vinter. Under aktivitetar kan du lese meir om det rike tilbodet av aktivitetar du som gjest kan velje i.

Haust er for mange jaktsesong og me tek i mot grupper som vil jakte hjort eller fugl på garden sine løyver. Er du lokal og på utkik etter eit lokale til jubileum, dåp eller konfirmasjon? Me har plass til deg og dine.

Eit moderne hus - med plass til din familie eller bedrift

Huset blei totalrestaurert utvendig i 2019. I 2022 ble 2. og 3. etasje ferdigstilt. 1. etasje er ikkje ferdig enda, men målet er å bli ferdig sommaren 2023. Her kjem 3 soverom og eit bad.

  • topp moderne renovert hus på 220 kvm fordelt på 3 etasjer (kun 2 klare)

  • behagelig komfort i landlige omgivelser

  • innlagt vann og vannbåren varme i alle gulv

  • wifi og tv

  • romsleg veranda i 2. etasje med nydelig utsikt og mye sol

    I 2. etasje finn du:

  • flislagt bad med massasjebadekar

  • stor stove med sofa og spisebord til 8 personar

  • stort soverom med dobbeltseng

  • koseleg kjøken med kjøkenkrok og sitteplasar med utsikt

    3. etasje inneheld:

  • stort kombinert oppholdsrom og soveplass med tv

  • sittebenk som kan gjerast om til soveplass

  • soverom med 120 seng