Velkommen til Jostedal Lodge 

Høg komfort i landlege omgjevnader

John Geir og Ellen har forvandla den gamle familiegarden til eit unikt overnattingskonsept. Her kan du oppleve det beste av urørt, norsk natur - med eit snev av historie og gardsliv.

Overnatting

- for heile familien

Jostedal Lodge ligg høgt oppe på plassen, Nedreli. Det er solrikt og våren kjem tidlegare her. Frå lodgen har du utsikt over dalen og elva Jostedøla, samt Vangsen og delar av Sperlestølen og Vassdalsfjellet. Du skal ikkje sjå vekk frå at du har besøk av beitande Angus dyr på utsida av vindauget. Om vinteren kan du spenne på deg skia ved huset og starte på ein av Jostedalen sine lengste toppturar, cirka 1300 høgdemeter.

Les meir om lodgen eller kontakt oss for å bestille overnatting.

Aktiv ferie eller jobbreise?

Planlegg eit opphold med fjelltur, ski og brevandring